Nye grep om skriveopplæringa : forskningsfunn og praksiserfaringar
0.0
( 0 )
Nynorsk
Korleis kan ei felles forståing av skriving og tydelege forventningar om skrivekompetanse gi betre skriveopplæring? Og korleis kan ein utnytte læringspotensialet som ligg i skriving i ulike fag og sam...
På lager i 0 butikker.
Forlagsbeskrivelse af Nye grep om skriveopplæringa : forskningsfunn og praksiserfaringar af Hildegunn Otnes (red.)
Korleis kan ei felles forståing av skriving og tydelege forventningar om skrivekompetanse gi betre skriveopplæring? Og korleis kan ein utnytte læringspotensialet som ligg i skriving i ulike fag og samanhengar?
I fleire år har forskarar følgt ei stor gruppe lærarar og elevar i arbeidet deira med skriving og vurdering. Funna er interessante og oppsiktsvekkande. Denne boka presenterer bakgrunnen for det landsomfattande Normprosjektet, gjennomføringa, funn og erfaringar.
Boka inneheld også praktiske ressursar for skriveopplæring og tekstvurdering og presenterer erfaringar med å ta desse i bruk. Lærar- og elevstemmer kling saman med forskarstemmene gjennom heile boka, mellom anna i form av skriveoppdrag, elevtekstar frå ulike fag og samtalar om tekstar. Slik vender boka seg til ei brei lesargruppe: skriveforskarar, lærarutdannarar, skuleleiarar, utviklingsorienterte lærarar og ikkje minst lærarstudentar.
Forskarane som har designa og gjennomført prosjektet, har i fellesskap forfatta boka, og redaktørane har skrive det heile saman. I etterordet set Judy Parr frå New Zealand prosjektet inn i ein internasjonal kontekst.
Detaljer
Forlag
Universitetsforlaget
Udgave
1
ISBN
9788215028705
Sprog
Nynorsk
Sider
432
Udgivelsesdato
01-03-2021
Format
Hæftet
Varenr.
2917036
EAN nr.
9788215028705
Varegruppe
Svensk norsk