Steinmål og strengesong : om Ragnvald Skredes lyrikk
0.0
( 0 )
Norsk
"Takk for diktsamlinga di! som gledde meg med å sjå at du stig fram som ein av dei største lyrikarane vi har", skreiv Kristofer Uppdal då RAGNVALD SKREDE (19041983) debuterte med "Det du ikkje veit" ...
På lager i 0 butikker.
Forlagsbeskrivelse af Steinmål og strengesong : om Ragnvald Skredes lyrikk af om Ragnvald Skredes lyrikk
"Takk for diktsamlinga di! som gledde meg med å sjå at du stig fram som ein av dei største lyrikarane vi har", skreiv Kristofer Uppdal då RAGNVALD SKREDE (19041983) debuterte med "Det du ikkje veit" i 1949. Skrede var frå Vågå i Gudbrandsdalen, og opplevingar i barndommen og førkrigsåra ligg som ein klangbotn i forfattarskapen. Skrede hadde sona ein dom, av mange vurdert som eit justismord, og den plaga og forfølgde outsideren er ein gjennomgangsfigur i dikta den utstøytte som følgjer si eiga leiestjerne. Til saman gav Skrede ut 12 diktsamlingar, og han var ein toneangivande kritikar, forlagsmann og omsetjar med stor innverknad på norsk kulturliv i etterkrigstida.
For 1960-talsdebutantane representerte Skrede eit forelda diktarideal, og forfattarskapen har i nyare tid fått langt mindre merksemd enn livet hans. Steinmål og strengesong. Om Ragnvald Skredes lyrikk hentar fram att Skrede som lyrikar og gjendiktar. Å gjenlese Skrede fører oss inn i grunnstemningar i etterkrigslyrikken, men òg inn i uventa tankevendingar og eksistensielt alvor.
Detaljer
Forlag
Novus forlag
Udgave
1
ISBN
9788283901504
Sprog
Norsk
Sider
201
Udgivelsesdato
07-09-2024
Format
Hæftet
Varenr.
3260346
EAN nr.
9788283901504
Varegruppe
Svensk norsk