Hjelpeprosessar og rettsbruk i Nav-kontor : om sosialt arbeid og juss i arbeids- og velferdstenesta
0.0
( 0 )
Nynorsk
Det er viktig å forstå grunnleggande tenking innanfor både sosialt arbeid og juss i arbeids- og velferdstenesta. I sosialt arbeid er kjernen å understøtte prosessar som fremmar problemløysing, meistri...
På lager i 0 butikker.
Forlagsbeskrivelse af Hjelpeprosessar og rettsbruk i Nav-kontor : om sosialt arbeid og juss i arbeids- og velferdstenesta af Liv Jorunn Baggegård Skippervik
Det er viktig å forstå grunnleggande tenking innanfor både sosialt arbeid og juss i arbeids- og velferdstenesta. I sosialt arbeid er kjernen å understøtte prosessar som fremmar problemløysing, meistring og deltaking. Jussen har fokus på rettar og rammer som ein del av løysingane, og rettsreglane utgjer normer for handling. Denne boka viser korleis rettsreglar og hjelpeprosessar samspeler ved Nav-kontor.
Rettleiarane i Nav-kontor har ulike faglege bakgrunnar, men dei forvaltar alle rettsreglar og utfører sosialt arbeid. Boka diskuterer sentrale tema der arbeidet er i dette skjeringspunktet, som kommunikasjon, samarbeid og skjønnsutøving. Målet er å utforske sider ved arbeids- og velferdstenesta som kan inspirere til fagleg diskusjon.
Boka er relevant for den som interesserer seg for arbeid i Nav-kontor. Ho er nyttig for studentar som treng å forstå bakanforliggande prosessar i fagutøvinga, og for Nav-tilsette som vil reflektere over sin eigen praksis.
Liv Jorunn Baggegård Skippervik er universitetslektor i velferdsrett ved Universitetet i Stavanger. Ho er utdanna sosionom og jurist og har lang erfaring frå arbeid i Nav-kontor.
Siv Oltedal er professor i sosialt arbeid ved Universitetet i Stavanger. Ho er utdanna sosionom og sosiolog og har brei forskarerfaring, mellom anna frå Nav-kontor.
Detaljer
Forlag
Fagbokforlaget
Udgave
1
ISBN
9788245034608
Sprog
Nynorsk
Sider
278
Udgivelsesdato
21-03-2022
Format
Hæftet
Varenr.
3015059
EAN nr.
9788245034608
Varegruppe
Svensk norsk